Want to log your trainings too? Sign up for a free account now!

Øystein Grønnevik

Øystein Grønnevik

Norway
89kg
7-1-1982 (36 years)
Spelte fotball frå eg var 8 til eg var 13, volleyball frå eg var 10 til eg var 16. På gymnaset hadde eg gym ein gong i veka dei første to åra, og det var det, medan eg gjekk på gymnaset. To mnd etter eg gjekk ut av gymnaset, fekk eg ein nesten-prolaps; ingen prolaps, men samme symptom som om det var det eg hadde fått. Måtte til fysioterapeut, og vart satt i trening. Var heldig å traff ein kar som hadde trent styrkeløft på idrettsgymnaset, Jørgen Kongtorp, som viste meg knebøy, benkpress og markløft. Fekk ikkje til markløften, den dunka borti knea på veg opp, og hadde ikkje knebøy-rack, så det fekk eg ikkje trent, så det vart til at eg trente på meg problem med venstre skulder i benkpressen, som eg sleit med heilt til hausten 2009. Grunna fysiske problemer både her og der dei neste åra, byrja eg på fysioterapi, for å finne ut kva som feila meg, og korleis eg best kunne rehabilitere meg sjølv. Eg konkluderte med styrkeløft. Dog, mine tre år på fysioterapi gjekk bort i mat og øl, og lite trening, bortsett frå ein 8 mnd periode der eg fekk marken opp frå 80 til 140 kg. Jobba heile tida med teknikken i bøy, og haldt meg vekke frå benk, grunna skuldra. Byrja i august 2009 på mastergrad i treningsfysiologi, og traff Einar Gilberg i mars 2010, og starta då opp med bøy, benk, mark og press, samt tredemølle. Målet var sjølvsagt, som alltid før, å få store musklar og 6-pack, så matinntaket var for lite, og eg vart "under-restituert", så slutta uti oktober, avdi kroppen ikkje tolte det. Har pr i dag ganske så god teknikk i alle fire løft, sjøl om eg vinglar litt i bøy. Perfeksjonist av dimensjonar, med sterke nevrotiske trekk, så blir aldri fornøyd med bøyen. Mine minst svake løft er som følger: Bøy: 1x100 Benk: 3x85 Mark: 1x142,5 Press: 5x60

5RM knebøy

11.03.2014 Comment Sturla Davidsen

5RM i dag: 90/100 kg.

Dvs, sleit med ryggen for nokre veker sidan og hadde ingen til å spotte, så eg skulle nok klart 100 ideelt sett. Set difor 5RM til 100 som utgongspunkt for utrekning av treningsvekter.

Har slete med treningsmotivasjonen i ca 2 år no, men no er eg attende!

Målet er 150 i bøy og 200 i mark. Førebels har eg aldri løfta meir enn 100 kg i bøy og 142.5 kg i mark...

Etter trening kom eg på at det var 3RM eg skulle teste, ikkje 5RM...

Nr 1

02.01.2013 Comment Starting Strength 1

Godt å vara i gong att.

5RM-test i knebøy

07.02.2012 1 comment Mark Rippetoe

Hadde ein del å gå på.

Starting Strength 2

11.01.2012 Comment Mark Rippetoe

Jubel og brus.


Showing 5 of 54 posts

Search TrainingBlog.com


Rank: Active
Level 4 (70/100 posts)

Archive

2014 (1)
2013 (1)
2012 (5)
2011 (47)

Show in calendar